Vil du engasjera deg i HS Kvinneforum?

Høgres Studentar Kvinneforum ynskjer å utvida sitt styre. Brenn du for sakar som likestilling i arbeidslivet, nedkjemping av vald i nære relasjonar og å styrke forskinga på kvinnesjukdomar? Då kan du søkje på verv som nestleiar eller styremedlem i HS Kvinneforum!

Kaia Bergeland Kjos, Leiar i HS Kvinneforum

HS Kvinneforum vart oppretta våren 2021, og ynskjer no å utvida sitt virke. Forumet skal tilby interessante faglege tilstellingar for særleg kvinnelege medlem av Høgres Studentar og Unge Høgre. Vi skal òg bidra til at våre sakar blir ein større del av Høgres politikk. Til dette treng vi ein engasjert nestleiar og eit dyktig styremedlem. Viss du tenkar at dette er noko for deg, kan du søkje stillinga no. I fyrste omgang treng vi berre eitt styremedlem i tillegg til nestleiar. Båe vervet som nestleiar og styremedlem skal vera uproblematisk å kombinera med studiar og/eller arbeid. Det er ikkje kravd tidlegare erfaring i politikken, verva er opne for alle interesserte!

Søknaden skal innehalda CV og motivasjonsbrev, og eventuelle attestar. Send din søknad til leiar av Høgres Studentar, Andreas Oftedal, ved andreasoftedal@gmail.com. Arbeidsutvalet i Høgres Studentar vurderer søknadar kontinuerleg. Absolutt søknadsfrist er 22. oktober.

Vi håpar på å motta mange søknadar, og gler oss til å høyra frå deg!

På vegne av Høgres Studentar Kvinneforum

Kaia Bergeland Kjos
Leiar i HS Kvinneforum