Blått håp for grøne distrikt

Unge Høgre vil setje fri den norske bonden slik at han kan ta sin plass i det norske samfunnet, som ein del av dei fremste kulturbærarane.

Sidan 1945 har det berre vore fire år der Arbeiderpartiet i lag med Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet ikkje har hatt fleirtal på Stortinget. Resultatet har vore katastrofalt for Noregs bønder og norske distrikt. Bøndene har vorte husmenn under den norske staten, og norske distrikt er prega av fråflytning, arbeidsløyse enkelte stader og ein stadig nedgang i primærnæringene.

Unge Høgre meiner det er på høg tid å ta tak i denne problemstillinga. Unge Høgre vil setje fri den norske bonden slik at han kan ta sin plass i det norske samfunnet, som ein del av dei fremste kulturbærarane. Unge Høgre meiner norsk landbruk er liv laga, og at norske bønder kan leve eit trygt og godt liv. Unge Høgre meiner bonden kan gjere dette utan reguleringar, utan subsidier, og utan tvang frå dei store landbrukssamvirka og den norske staten. Men om me skal nå dette målet må ein tenkje nytt. Norske bønder må vere villege til å bryte ut av den stadige nedgangen som reguleringane og subsidiene har bragt dei inn i. Dei må tenkje nytt og kreativt. Enkelte norske bønder har lyktes med dette.

Unge Høgre meiner at reguleringar og subsidier kan bli erstatta med ein meir markedsretta produksjon. Norske bønder må vere klar til å setje seg inn i dei mekanismar og lover som gjeld for ein fri marknad. Dei må byggje opp merkjevarene sine, nå ut til ein marknad og deretter erobre og halde den ved like med høg og god kvalitet på varene dei produserar.

Norsk mat og norsk landbruk har ingen mangel på solide merkevarer, men ein har bomma fullstendig på korleis dei kan brukast for å sikre trygge inntekter til bøndene uavhengig av statlege overførslar. Unge Høgre meiner dette er eit av dei områda der staten kan bidra med eit lovverk som ivaretar lokale og tradisjonsrike merkevarer, noko som me meiner vil vere det beste for norske bønder.

Ivaretaking av merkevarer og produksjonsstaden deira er ikkje det einaste området der det er moglegheiter for vekst og ny verdiskaping for norske bønder. Unge Høyre mener det ligg eit stort potensial i å utnytte biavfall fra landbruket. Ved å samle naturgass fra bioavfall på gårdene, kan man både varme gården og nærliggende bebyggelse. Unge Høgre meiner at det er eit potensiale for at bøndene kan bli dei neste store energilevrandørane. Eit eksempel er verdien av det som inntil nyleg vart sett på som avfall frå norsk skogbruk. Slikt biologisk avfall kan gjerast om til brensel, raskt, effektivt og økonomisk. Her må bønder, investorar og staten på banen for å bruke dette miljøvennlege alternativet til å varme opp hus og heim. Eit konservativt anslag er at verdien av norske skogar kan doblast ved å utnytte biobrensel. Dette vil utan tvil kome norske bønder til gode, og vil dessutan sikre verdiskaping, vekst og optimisme i norske bygder.

I Agder har ei gruppe bønder og grunneigarar gått saman om å byggje eit lite elektrisk kraftverk i ei elv dei eig saman. Ikkje berre sikrar dette bygda rimeleg og nok elektrisk kraft, men den sikrar òg gruppa av eit titals bønder som eig kraftverket ei risikofri minsteinntekt på 200 000 kroner kvart år. Unge Høgre meiner det er mogeleg å gjennomføre dette også andre stader i landet, dersom det kan gjerast på ein landskaps- og miljøvennleg måte.

Unge Høgre meiner at:

  • Det norske landbruket må dereguleres. Subsidiene må kraftig reduseres for å få selvstendige bønder.
  • Norske landbruksprodukt må få ein betre, geografisk bestemt ivaretaking av merkevarene.
  • Organisasjonane og bøndene i landbruket må skaffe seg effektive måtar å nå ut til marknaden på, for eksempel ”bonden sitt marked”.
  • Den norske staten må gi betre og enklare moglegheiter til bønder og grunneigarar, slik at dei kan bruke eigedommane sine til produksjon av energi.
  • Distriktspolitiske virkemidler må skillast fra landsbrukspolitikken.
  • Bo- og driveplikten bør avvikles.
  • Bøndene bør oppfordres til og belønnes for samdrift, for å minke behovet for subsidier og få bøndene til å tenkje som selvstendig næringsdrivande.
  • Kvalitetsmerking av norske landbruksprodukter skal følge EUs retningslinjer.