Noreg treng dyrepoliti!
Navn: Lise-May Sæle
Alder: 19 år
Sosiale medier:
Noreg treng dyrepoliti!
Dyra våre si helse og rettar er viktig for oss i Høgre og difor har vi innført dyrepoliti fleire plassar i landet. Dette er noko vi ynskjer å halde fram med.
Vi ser at behovet for dyrepoliti er stort. Fleire saker som har omhandla kriminalitet mot dyr, har fått altfor lav straff, fordi politiet har mangla kompetanse rundt dette. Men med denne forsøksordninga ser vi at politiet får dei verktøya ein treng for å ivareta dyra sine rettar.
Ein skal ikkje gløyme at dyr er beskytta av Dyrevelferdslova. Formålet med lova er å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr. Den seier blant anna at ein kvar har rett til å varsle i frå til politiet eller Mattilsynet, om ein har mistanke om mishandling eller alvorleg svikt kring stell og miljø.
Dyrepoliti fungerer som ein spesialeining i politiet der hovudfokuset er å etterforske kriminalitet mot dyr og at dyremishandlarar får si rettmessige straff. Utan dyrepoliti vert det vanskelegare å ta forbrytarane og dei fleste sakene ville blitt henlagt. Mange tenkjer nok også at det ikkje er vits i å anmelde. Med eit dyrepoliti aukar ein kompetansen og evna til å ta sakene på alvor.
Fleire andre land har dyrepoliti, blant anna Sverige. Høgre går til val på å utvide dette prosjektet, fordi vi ser at det er heilt nødvendig. Vi har alle sett dei forferdelege oppslaga om dyr som blir dumpa før ferien og kattar som blir brukt som blink.
Lucas-saka er berre eitt av mange dømer på kvifor vi treng dyrepoliti. Ein mann hadde bunde hunden sin fast i eit betongrøyr og kasta den frå ei bru i Moss og ned i ei elv. Hunden døydde. Det er utruleg at folk kan finne på å gjere slikt. Å torturere, skade og drepe andre sine dyr eller eigne dyr skal vi aldri tolerere.
Både Rogaland og Trondheim har forsøksordning og Øst politidistrikt har fått tildelt midlar til oppstart.
Mange i Noreg eig hund eller katt, og desse dyra er ein etablert del av familien. Då er det opplagt at dei også burde ha nokre fundamentale rettar og at vi får den riktige kompetansen på plass.